Valdserstatning

1.januar i år trådte ny voldserstatningslov i kraft. Den nye lova inneber fleire endringar frå den oppheva voldsoffererstatningslova og ein skal kort nemne nokre her. I det høve er det grunn til å nemne at Advokatforeninga sitt bistandsutval har påpeika at dei meiner at den nye lova reelt sett inneber ei innstramming i fornærma sine rettar.

Kontor i Odda

Responsa har inngått avtale om kontorplass i Næringshagen i Ullensvang.

Nye verv som fast forsvarar og fast bistandsadvokat

Advokat Asgeir Ohnstad vart nyleg oppnemnd som fast forsvarar ved Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett, medan advokat Tonje Tvilde vart oppnemnd som fast bistandsadvokat. Verva vil vere gjeldande i ein periode på seks år.

Bruk av sosiale medium – kva er straffbart?

Bruken av sosiale medium har eksplodert. Statistikk utført av SSB avslører at ungdom og unge vaksne mellom 16-24 år i snitt bruker 340 minutt per dag på internett/sosiale medium. Det er over 5,5 time kvar einaste dag. Små og store hendingar vert dokumentert med bilete og videoar, som gjerne vert delt ukritisk. Det er få som reflekterer over kva dei legg ut og kva konsekvensar det kan få.

Ragnhild Stople har fått advokatløyve

Ragnhild Stople har fått advokatløyve, og vil no tre inn i stilling som advokat. Ragnhild blei tilsett som advokatfullmektig hos oss i august 2019, og har bistått i eit vidt spekter av saksområde. Me er stolte og gratulerer så mykje! Responsa har sidan fusjonen i 2013 hatt æra av å lose 10 juristtalent gjennom ein […]

Maren Simonsen har fått advokatløyve

Det er ei stor glede å opplyse at Maren Simonsen har fått advokatløyve. Maren blei tilsett som advokatfullmektig hos oss i januar 2018, og vil no tre inn i stilling som advokat. Advokatfirmaet Responsa AS har etter dette 10 advokatar og 2 advokatfullmektigar. Me er stolte over å ha Maren med på laget!