Valdserstatning

1.januar i år trådte ny voldserstatningslov i kraft. Den nye lova inneber fleire endringar frå den oppheva voldsoffererstatningslova og ein skal kort nemne nokre her. I det høve er det grunn til å nemne at Advokatforeninga sitt bistandsutval har påpeika at dei meiner at den nye lova reelt sett inneber ei innstramming i fornærma sine rettar.

Av advokat Tonje Tvilde

Valdserstatning vert gitt når både skadevaldar og den fornærma opphaldt seg i Norge når valdshandlinga vart begått. Kva gjeld handlingar som har skjedd i utlandet, er det ikkje lenger høve til å få erstatning dersom saka ikkje har vore ført for ein norsk domstol. Òg handlingar som er begått over internett, og kor fornærma er busett i utlandet, vil falle utanfor den nye lova.

Vilkåra for å få erstatning etter den nye lova knyter seg til bestemte straffebod. Formålet med dette er at den som har vore utsett for ei valdshandling lett skal kunne sjå om ein er omfatta av ordninga eller ikkje. Ulempa ved dette er at nokre handlingar som tidlegare var omfatta, ikkje lenger er omfatta i den nye lova. Dette vil på mange måtar kunne seiast å vere ei svekking av rettane til den fornærma.

I tillegg opererer den nye lova med ulike tidsfristar, og innsnevrar fristen for å søke om valdserstatning. Dette i motsetning til den tidlegare lova, kor ein kunne fremje krav om valdsoffererstatning så lenge straffesaka ikkje var forelda.

Den nye lova har tre ulike fristar:

  1. Krav om erstatning utbetalt av staten må setjast fram seinast seks månader etter rettskraftig dom
  2. I saker kor det ikkje ligg føre dom, men kjend skadevaldar, må kravet setjast fram før kravet mot skadevaldar er forelda
  3. I saker der skadevaldar er ukjend (evt.død) må krav om erstatning setjast fram seinast eitt år etter at det ligg føre påtaleavgjerd

Dei nye fristane medfører at ein må søke erstatning innan relativt kort tid, om ikkje kravet skal gå tapt. Mange valdsoffer kan vere i ein så vanskeleg situasjon at dei ikkje makter å sende inn søknad om erstatning innan rett tid. Ein oppmodar difor om å ta kontakt med advokat tidleg for å få hjelp til dette og unngå at kravet vert tapt.

Advokatfirmaet Responsa har fleire advokatar som har faste verv som bistandsadvokat /forsvarar og som arbeider med strafferett. Ta kontakt for ein uforpliktande prat!

Relaterte saker

Siste nytt

Konkurssal i Heiane Røyr

Siste nytt

Misfornøyd med svaret fra forsikringsselskapet?

Siste nytt

Kvinnedagen – framleis relevant?

Siste nytt

Omvendt valdsalarm – endringar i straffeprosesslova

Råd

Nye reglar i arbeidsmiljølova

Siste nytt

Bustyrar i konkurs