Nye verv som fast forsvarar og fast bistandsadvokat

Advokat Asgeir Ohnstad vart nyleg oppnemnd som fast forsvarar ved Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett, medan advokat Tonje Tvilde vart oppnemnd som fast bistandsadvokat. Verva vil vere gjeldande i ein periode på seks år.

Alle tingrettar og lagmannsrettar i Noreg har faste bistandsadvokatar og faste forsvararar. Advokatane i verva er nøye utvald av Domstoladministrasjonen, på bakgrunn av formelle og personlege kvalifikasjonar.

Advokat Arild Birkeland har vore fast bistandsadvokat ved Haugaland og Sunnhordland tingrett sidan 2011. Det er stort at ytterlegare to advokatar frå Responsa no har fått tildelt slike verv. Oppnemningane vitnar om svært høg kompetanse i verksemda vår, og vil bidra til å styrke det faglege miljøet i Responsa ytterlegare.

Relaterte saker

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Siste nytt

Kontor i Odda

Siste nytt

Bruk av sosiale medium – kva er straffbart?

Siste nytt

Ragnhild Stople har fått advokatløyve

Siste nytt

Maren Simonsen har fått advokatløyve