Kontakt info
og tilsette

Responsa AS, Sæ 136, 5417 STORD
53 45 40 00
_MG_5016re (2)

Kjell Petter Neset

Advokat
913 36 587

Kjell Petter Neset vart utdanna som jurist i 1998. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1998/99 og byrja deretter som advokatfullmektig hos advokat Leif Jakob Sydnes i 1999. I 2001 starta han eiga advokatverksemd. Etter å ha drive for seg sjølve nokre år vart han ein av stiftarane av Advokatane Sydnes og Neset i 2005. I Advokatane Sydnes og Neset AS har han vore partnar/ advokat sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.

Neset har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Jobbar i dag som prosedyreadvokat og rådgivar innanfor forretningsjuridiske områder. Spesialfag i selskapsrett og kompentanse innanfor arbeid med fusjonar/ fisjonar, stifting/ organisering av selskap og liknande. Innehar fleire styreverv. Særskilt god erfaring med insolvensrett (konkurs/ gjeldsforhandling) og eigedomsutvikling. Også ein del prosedyre innanfor strafferett.

_MG_4942re (2)

Arild Birkeland

Advokat
992 72 656

Arild Birkeland var ferdig utdanna som jurist i 1996. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1996/97. Frå juni 1997 til 1999 jobba han som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet. Etter 2 år i Udi jobba han i Fiskeridepartementet frå 1999 til desember 2001 og jobba særleg med deltakaradgang i lukka fiskeri (kvitfisk og pelagisk), foskriftsarbeid og internasjonale forhandlingar. I desember 2001 byrja han som advokatfullmektig hos advokat Kjell Petter Neset og fekk bevilling i oktober 2004. Advokatselskapet Advokatane Sydnes og Neset AS vart stifta i 2005 og Birkeland har vært partnar/ advokat i selskapet sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.

Arild Birkeland har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Han jobbar i dag mykje med forvaltingsrett, utlendingsrett, barnevern og barneforselingsaker. I tillegg jobbar han med arbeidsrett, arverett, skjønnssaker og anna tingsrett. Birkeland er fast bistandsadvokat for Sunnhordland tingrett og jobbar mykje som bistandsadvokat. Birkeland jobbar også som forsvarar i straffesaker.

_MG_1088re (2)

Margrethe Framnes Neset

Advokat
476 15 799

Margrethe Framnes Neset vart jurist i 2011. Det same året fullførte ho ein Master of Laws (LLM) in Corporate and Commercial Law ved Bond University i Australia.

Margrethe vart tilsett ved vårt kontor på Stord i 2011. Ho gir bistand innanfor dei fleste rettsområder.

_MG_4927re (2)

Nina Straume

Advokatsekretær
53 45 40 00

Nina vart tilsett hos oss frå januar 2013. Nina er tilsett i 40% stilling som kontormedarbeidar.

Som utdanna lærar tilfører ho oss allsidighet i det merkantile arbeidet som føregår på kontoret.

_MG_4962re (2)

Johanne Dybvik Helland

Økonomi-og administrasjonsleiar
980 67 501

Johanne kom til oss i september 2020, etter å ha vore tilsett som Cost Controller i Kværner i sju år. Ho fullførte bachelor i økonomi-og administrasjon med fordjupning i finans- og økonomistyring ved Høgskulen Stord/Haugesund i 2013.

Johanne har overordna ansvar for økonomi og administrasjon. Ho vil arbeida ved alle våre kontor, men har fast arbeidsstad på Stord.

_MG_4992re (2)

Elisabeth Handeland Helberg

Advokatfullmektig
900 38 826

Elisabeth Handeland Helberg vart uteksaminert frå Universitetet i Oslo desember 2021 med mastergrad i rettsvitskap. Før dette hadde ho årsstudium i interkulturell kommunikasjon frå NLA Høgskolen.

I studietida jobba Elisabeth som sakshandsamar i rettshjelpsorganisasjonen Juridisk Rådgiving for Kvinner i Oslo, med husleigerett og utlendingsrett som arbeidsområde. Ho har også bakgrunn som praktikant hos Utlendingsdirektoratet.

Elisabeth bistår blant anna innanfor strafferett, entrepriserett, generell og spesiell kontraktsrett, og utlendingsrett.