Kva har du krav på ved forseinka fly eller tog?

Sommaren er ei tid der mange reiser både innlands og utanlands. Den store aukinga i talet på reisande, gjer at stadig fleire fly og tog vert forseinka eller kansellert. Men kva gjer du om flyet eller toget ditt vert forseinka? Har du oversikt over dine rettar i slike situasjonar?

Forseinka fly:

Når kan du få dekka mat og drikke?

Kva rettar du har når flyet er forseinka, er avhengig av lengda på reisa og kor mykje flyet er forseinka. Dersom forseinkinga er på to timar (ved flyging opp til 1500 km) har du krav på å få dekkja mat og drikke. Det same gjeld dersom forseinkinga er på tre timar ved flyging innafor EØS på meir enn 1500km, eller på fire timar ved alle andre flygingar.

Sjekk om du også kan ha krav på standardkompensasjon:

Du kan i tillegg ha krav på standardkompensasjon dersom flyet er kansellert eller forseinka i tre timar eller meir. Dette gjeld uavhengig av om du  har lidd noko økonomisk tap. Etter EU-forordning (EF) nr. 261/2004 har du krav på € 250 på flyging inntil 1500km, € 400 på flygning innan EU/EEA på meir enn 1500km eller andre flygningar på mellom 1500 og 3500km, eller inntil € 600 for flygningar som er lengre enn dei nemnde. Merk  deg at denne standardkompensasjonen likevel kan bli redusert med 50% dersom du vert tilbydd ein ny billett på ein alternativ flygning, eller innstillinga skjer ei viss tid før avgang.

Føresetnaden for kompensasjonen er at forseinkinga ikkje skuldast ekstraordinære omstende som ikkje med rimelegheit kunne vore unngått. Døme på slike er; dårleg vêr, streik eller uføresette sikkerheitstiltak. Det finst også unntak for dei tilfella der du har blitt informert om innstillinga innafor gitte fristar.

Tips:

Dersom du er i tvil om kor mykje eller kva du har krav på, kan du sjekke Forbrukerrådet sin flykalkulator. Kravet skal i utgangspunktet rettast mot det aktuelle flyselskapet, men kan alternativt rettast mot Transportklagenemnda dersom du ikkje når fram med kravet hos flyselskapet.

Forseinka eller innstilt tog:

Når har du krav på refusjon?

Kor mykje ditt refusjonskrav er på, avheng av kva strekning du har reist og kor forseinka du kjem fram til ankomsstaden. Dersom toget er forseinka med meir enn 60 minutt på langdistansetoga mellom Oslo og Trondheim, Oslo og Bergen, Oslo og Kristiansand/Stavanger eller Trondheim og Bodø kan du velje mellom ombooking eller refusjon av billettprisen. Det same gjeld på andre strekningar, dersom forseinkinga er på meir enn 30 minutt.

Kor mykje kan du få dekkja?

Dersom du reiser med Vy gjev dei deg 50% refusjon av billettprisen ved forseinking på 60 minutt på langdistansetoga, og ved forseinking på 30 minutt på dei kortare strekningane. Elles har du etter lova krav på 25% refusjon av billettprisen når du kjem 60 minutt for seint til ankomsstaden, og 50% refusjon når du er minst 120 minutt forseinka.

Du kan også krevje erstatning dersom du har hatt ekstra utgifter på grunn av forseinkinga. Også her er det ein føresetnad at forseinkinga ikkje er skulda ekstraordinære omstende som er utanfor togselskapet eller BaneNOR sin kontroll.

Tips:

Eit tips her er å be om ei bekrefting frå konduktøren på når du endeleg kjem fram til ankomsstaden. Dette kan gjere det lettare å framje eit krav mot selskapet, men er likevel ingen krav.

For å krevje refusjon, må du først klage til selskapet. Alternativt kan du rette ein klage til Transportklagenemnda, dersom klagen mot selskapet ikkje fører fram.

Relaterte saker

Siste nytt

Konkurssal i Heiane Røyr

Siste nytt

Misfornøyd med svaret fra forsikringsselskapet?

Siste nytt

Kvinnedagen – framleis relevant?

Siste nytt

Omvendt valdsalarm – endringar i straffeprosesslova

Siste nytt

Bustyrar i konkurs

Siste nytt

Hva bør du gjøre om reisen må avbrytes?