Marit Gjerde
Marit Gjerde vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen juni 2015 med mastergrad i rettsvitskap, og starta då som advokatfullmektig hos advokatene Laastad og Co i Bergen.
Marit har fleire års erfaring frå politiet, både som politiadvokat og juridisk rådgjevar, og har arbeida i tilsynsavdelinga i Utdanningsdirektoratet.
Marit vart tilsett i Advokatfirmaet Responsa AS i mars 2025, og jobbar særleg med konkurs- og insolvensrett, strafferett og arverett.
Frida Lødøen (i permisjon)
Frida Lødøen vart uteksaminert frå Universitetet i Bergen juni 2023 med mastergrad i rettsvitskap. Før dette tok ho ein bachelorgrad i kriminologi ved Universitetet i Oslo.
I studietida jobba Frida som sakshandsamar i Bjørgvin fengsel med forvaltningsrett og straffegjennomføringsrett som arbeidsområde. Masteroppgåva hennar hadde tittelen «Kontroll med innsette sin personlege mobiltelefon under straffegjennomføring».
Frida vart tilsett i Advokatfirmaet Responsa AS i juni 2023. Ho bistår innanfor dei fleste rettsområder.
Asgeir Ohnstad
Asgeir Ohnstad er utdanna frå Universitetet i Bergen. Etter endt utdanning i 2004 arbeidde han ved Rogaland skattefutkontor, og seinare ved Hordaland skattefutkontor frå 2005 til 2008. Etter reorganisering av skatteetaten haldt han fram i Skatt vest, der han hadde ulike stillingar fram til 2017. Frå 2017 til 2020 arbeidde han som politifullmektig/politiadvokat ved Vest politidistrikt. Han vart tilsett ved Advokatfirmaet Responsa AS sitt kontor på Voss i januar 2020.
Asgeir gir bistand innan dei fleste rettsområda. Han arbeider særleg med tingsrettslege emne, herunder jordskiftesaker, samt insolvens og arve-/familierett. Asgeir tek oppdrag som forsvarar og bistandsadvokat i straffesaker.
Tonje Tvilde
Tonje Tvilde er utdanna frå Universitetet i Bergen i 2011. Ho vart tilsett som advokatfullmektig og seinare advokat i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig der ho arbeidde i fem år før ho flytta «heim» til Voss. Der starta ho i juristjobb i Vegtilsynet. Tonje hadde i eit par månader eigen advokatpraksis før ho vart tilsett i Advokatfirmaet Responsa AS i 2018.
Tonje arbeider ved vårt kontor på Voss og gir bistand innanfor dei fleste rettsområder. Ho arbeider særskilt med arbeidsrett og insolvens, og er ein del av teamet som handterer varslingssaker på vegne av verksemder. Tonje har verv som fast butyrar i Hordaland tingrett.