Her har advokat Tonje Tvilde heldt føredrag for VG1-elevar ved Voss Gymnas.
Straffbare handlingar ved bruk av sosiale medium skjer over heile landet, også i vår region. Det blir delt bilete og videoar med seksuelt innhald i større og større omfang, og det rammar born og unge i alle samfunnsgrupper. Som eit førebyggjande tiltak held advokatane våre føredrag om temaet. Dei har eit unikt innblikk i kva som rører seg blant ungdommen i dag, og kan ved hjelp av konkrete døme opplyse om kva som er straffbart å dele, og kva konsekvensar slik deling kan få.
Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å avtale eit slikt føredrag.