Om oss

Responsa er eit leiande advokatmiljø på Vestlandet med fokus på optimal juridisk hjelp for næringsliv og privatpersonar. Me kan visa til dei totalt sett beste og mest kostnadseffektive resultata for våre klientar.

Advokatfirmaet Responsa – Rett for deg

Står du midt oppi ein tøff prosess, eller har det trygt og godt – men vil førebu framtida? Advokatteamet i Responsa er her for deg med effektiv og rett juridisk kompetanse for nettopp di sak. Hos oss er dørterskelen låg, takhøgda god og tonen folkeleg og imøtekomande.

Advokatfirmaet Responsa AS er eit sterkt og samla juridisk kompetansehus med kontor på Stord, Voss og i Haugesund. Me er i dag 17 tilsette – 10 advokatar, 2 advokatfullmektigar og 5 merkantilt tilsette. Kontaktinformasjon finn du her.

Våre medarbeidarar losar deg gjennom trygt fram gjennom mylderet av lovar og reglar, med konstant fokus på høg kvalitet, etikk og situasjonen du eller verksemda di er i.

Våre saksområder

Me tek på oss oppdrag innanfor dei fleste juridiske felt og har som mål å bli eitt av dei beste advokatkontora på Vestlandet innanfor fleire rettsområde. Våre advokatar er tilsett på grunnlag av gode juskarakterar og gode personlege eigenskapar. Dette skal visa att i eit kvalitativt godt arbeid for våre klientar. Om lag halvparten av advokatane våre arbeider hovudsakleg med forretningsjuridiske saker, der selskapsrett, arbeidsrett, insolvensrett (konkurs/gjeldsforhandling), entrepriserett og fast eigedom er mellom våre satsingsområde. Me har også omfattande kompetanse og erfaring innanfor barne-, familie-, barneverns-, straffe-, arve-, utlendings- og forvaltningsrett.

Vårt fokus

Vårt mål er å sette i saman våre ulike styrkar slik at me til saman vert eit ”lag” som skal kunne hjelpa personar og nærlingslivsaktørar på ein slik måte at summen av vår kunnskap og kompetanse gir eit resultat som vår klient er meir enn nøgd med.

Våre klientar skal føle at dei er blitt ”teken hand om” av våre medarbeidarar i labyrinten av reglar i dagens komplekse samfunn. Me set høg kvalitet og etikk i sentrum samstundes som me heile tida skal ha fokus på dei menneskelege aspekta ved ei sak slik at klienten skal sitja att med ei oppleving av at det å søkja hjelp hos oss var ei god investering for å få førebyggja eller løysa eit rettsleg problem eller tvist.

Juridisk kompetanse

Me meiner det er umogleg for ein einskild advokat å vera spesialist i på alle juridiske fagområde. Advokatfirmaet Responsa AS satsar difor medvite på at den einskilde advokat skal få utvikla og vedlikehalda solid kompetanse innanfor sine nisjar.

Under omtalen av den einskilde advokat finn du informasjon om han eller hennar bakgrunn og spesialfelt.

Aktuelt

Kontakt