Sambuarkontrakt – treng ein det?

Til tross for at rettane til sambuarar er vorte styrka dei siste åra, er skilnaden mellom dei rettane ein har ved å vere gift, samanlikna med sambuarskap, større enn mange trur. Medan lovverket har eit gjennomtenkt regelverk for ektefellar, er sambuarar juridisk sett i ein dårlegare posisjon. Dei manglar det tryggleiksnettet som lovgjevar har etablert for dei som vel å inngå ekteskap.

Av advokat Tonje Tvilde

For å bøte på noko av skilnaden kan ein setje opp ein sambuaravtale. Ein sambuaravtale er ein avtale kor partane definerer kven som eig kva og seier noko om korleis ting skal delast dersom samlivet tek slutt.

Midt i oppi kjærleiksrusen og kriblande sommarfuglar i magen, er det få av oss som set seg ned å diskuterer kva som skal skje dersom ein går frå kvarandre eller dersom nokon døyr. Men kanskje er nettopp dette den beste tida å drøfte slik spørsmål, fordi de no er samde om det meste. Når det er sagt er det aldri for seint å skrive sambuarkontrakt. Det viktigaste er at ein får skrive ned det ein er samde om.

Det som bør regulerast i ein sambuarkontrakt er:

  • Eigarforholdet til felles bustad med eigarbrøk
  • Kva som er i sameige mellom dykk
  • Kva som er i eineeige og kva den enkelte tok med seg inn i samlivet
  • Avklare at eigendelar som er skaffa under sambuarperioden skal vere i sameige, med mindre noko anna er avtalt
  • Dekning av felles kostnader
  • Ansvar for gjeld, både eiga gjeld og gjeld som er i fellesskap
  • Korleis eigedelane skal delast ved samlivsbrot og kva eigendelar som skal haldast utanfor delinga
  • Korleis felles bustad skal verdsetjast
  • Korleis ein løyser situasjonen dersom ein ikkje vert samd om delinga

Undervegs i eit sambuarforhold kan den økonomiske situasjonen endre seg. Det kan difor vere gunstig å revidere avtalen frå tid til annan. Dette kan til dømes vere dersom den eine mottek arv eller ei større gåve.

Det er grunn til å understreke at ein sambuarkontrakt ikkje er eit gjensidig testament. Sjølv om det er etablert arverett for sambuarar med felles born, så er denne retten avgrensa samanlikna med arveretten ektefellar har. Dersom ein ikkje har felles barn, arvar sambuarar som utgangspunkt ikkje kvarandre. Det er òg ulik moglegheit for sambuarar til å sitje i uskift bu, alt etter om ein har felles barn eller ikkje. I samband med oppretting av sambuarkontrakt kan det difor vere hensiktsmessig å opprette eit felles testament for å sikre at den av dykk som lever lengst vert økonomisk trygga.

Kjenner du på usikkerheit kring eigen økonomi? Ved å ta tak i dette vil du få ei bekymring mindre.

Ta gjerne kontakt med ein av våre advokatar dersom du ynskjer å skrive ein sambuarkontrakt eller eit testament eller du ynskjer ein gjennomgang av ein eksisterande avtale.

Relaterte saker

Råd

Nye reglar i arbeidsmiljølova

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Råd

Naturskadeerstatning og klargjøring i lovverket

Råd

Nye reglar for innleige frå bemanningsføretak

Råd

Har du tilsette på heimekontor?

Råd

Lovendring mellombels tilsetjing