Nye reglar for innleige frå bemanningsføretak

Lenge har det vore varsla om at det vil skje innstrammingar i moglegheita til innleige frå bemanningsføretak. Stortinget har no vedteke dei nye reglane som trer i kraft 1. april 2023, men med ein overgangsperiode på 3 månader for avtalar som allereie er inngått. Endringane inneber mellom anna eit forbod som innleige frå bemanningsføretak ved mellombelse behov. Det vert òg innført eit totalforbod mot innleige i byggenæringa i Oslo-området. Kva konsekvensar vil dette få for di verksemd?

Hovudendringa er som nemnd at moglegheita til innleige frå bemanningsføretak av mellombels karakter vert oppheva. Det vil difor ikkje lenger vere mogleg å bruke innleige til å avlaste hektiske periodar, til dømes i sesong, ved arbeidstoppar eller i prosjektarbeid. I praksis betyr det at ein berre kan leige inn personell frå bemanningsføretak ved reelle vikariat (eller etter avtale med tillitsvalde for verksemder som er bunden av tariffavtale med fagforeiningar som har innstillingsrett). Endringa sitt føremål er å sikre heile og faste tilsetjingar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, utan å nytte bemanningsføretak som mellomledd.

I det nye forslaget er det foreslått unntak kor innleige likevel er tillate:

  1. For personar med spesialkompetanse som skal utføre rådgjevings- eller konsulenttenester i eit klart avgrensa prosjekt
  2. For innleige av helsepersonell for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester

Vidare vil rettane til innleigde arbeidstakarar bli styrka ved at alle innleigde vil ha rett til fast tilsetjing hjå innleigar etter tre år.

I tillegg vil grensa mellom kva som vert rekna som innleige og entreprise bli lovfesta og stramma inn noko. Ein konsekvens av denne endringa er truleg at fleire oppdragsavtalar om tenestekjøp vil bli klassifisert som innleige etter dei nye reglane, og ikkje som entreprise.

Ta kontakt med ein av våre advokatar dersom du har spørsmål til lovendringa eller du lurar på korleis di verksemd skal innrette seg etter dei nye reglane.

Relaterte saker

Råd

Nye reglar i arbeidsmiljølova

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Råd

Naturskadeerstatning og klargjøring i lovverket

Råd

Har du tilsette på heimekontor?

Råd

Lovendring mellombels tilsetjing

Råd

Enkeltpersonsforetak eller aksjeselskap?