Lovendring mellombels tilsetjing

Som kjend varsla Støre-regjeringa allereie kort tid etter regjeringsskiftet at dei ville oppheve den generelle adgangen til mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova § 14-9 andre ledd bokstav f. Forslaget er no vedteke og lovendringa trer i kraft 1. juli 2022.

Av advokat Tonje Tvilde

Endringa er meint å styrke arbeidstakar sin rett til fast tilsetjing og leggje til rette for eit trygt og organisert arbeidsliv. Konsekvensen av lovendringa er at ein ikkje lenger kan inngå mellombelse kontraktar på generelt grunnlag, men at moglegheita for mellombelse tilsetjingar er avgrensa til dei særlege eller tidsavgrensa behov som er oppstilt i arbeidsmiljølova § 14-9 andre ledd bokstav a-e.

Har du spørsmål om mellombelse tilsetjingar eller andre arbeidsrettslege spørsmål, ta gjerne kontakt med ein av våre advokatar.

Relaterte saker

Råd

Nye reglar i arbeidsmiljølova

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Råd

Naturskadeerstatning og klargjøring i lovverket

Råd

Nye reglar for innleige frå bemanningsføretak

Råd

Har du tilsette på heimekontor?

Råd

Enkeltpersonsforetak eller aksjeselskap?