Nye reglar i arbeidsmiljølova

1. januar 2024 trådte det i kraft ei rekkje endringar i arbeidsmiljølova. Endringane får betyding for kva rettar arbeidstakar har, og kva pliktar arbeidsgjevar er pålagt. Under vil ein kort gjere greie for nokre av desse endringane.

Av advokatfullmektig Frida Lødøen

Presisering av arbeidstakaromgrepet

Definisjonen av omgrepet «arbeidstakar» i arbeidsmiljølova § 1-8 er avgjerande for om reglane etter arbeidsmiljølova gjer seg gjeldande for deg. Føremålet med lovendringa er å gjere synleg avhengigheits- og underordningselementet i arbeidstakaromgrepet. Difor inneber endringane også sentrale moment som skal ha særleg vekt i vurderinga av om ein har arbeidstakarstatus. Desse momenta er som følgjer:

  • om ein løpande stiller sin personlege arbeidskraft til disposisjon for arbeidsgjevar, og
  • om ein er underordna arbeidsgjevar gjennom styring, leiing og kontroll

I tillegg følgjer det etter endringane ein presumsjonsregel som skjerpar beviskravet for klassifiseringa av ein arbeidstakar. Kravet vert pålagt arbeidsgjevar og vil i praksis innebere at arbeidsgjevar må vise til tilstrekkeleg dokumentasjon for å kunne hevde at nokon ikkje er arbeidstakar.

Presisering av reglane om trakassering

Arbeidsmiljølova § 4-3 gjer gjeldande krav om det psykososiale arbeidsmiljøet. Denne regelen sitt tredje ledd gjer uttrykk for at arbeidstakar ikkje skal utsettast for trakassering eller anna utilbørleg åtferd. Etter endringane i denne regelen er det presisert at dette også omfattar seksuell trakassering.

Oppteningstid for fast tilsetjing

Den tidlegare fireårsregelen i arbeidsmiljølova § 14-9 er endra. Endringa vil gje ein midlertidig arbeidstakar rett til fast tilsetting etter tre år. Vilkåra er at arbeidstakar er eller har vore samanhengande midlertidig tilsett i meir enn tre år etter lova sitt andre ledd bokstav a, b, tidlegare f eller nokon av desse i kombinasjon.  

Utvida drøftingsplikt for somme typar stillingar

Drøftingsplikta som tidlegare gjekk fram av fleire reglar i arbeidsmiljølova kapittel 14 er etter endringane samla i ei føresegn. Arbeidsmiljølova § 14-14a pålegg no arbeidsgivar å minst éin gong i året drøfte med dei tillitsvalte bruken av tilsettingsformar. Dei aktuelle tilsettingsformane er deltid, midlertidig tilsetting, innleige, sjølvstendige oppdragstakarar og tenestekjøp frå andre verksemder som har betyding for bemanninga. Drøftingsplikta er vidare utvida til å også gjelde når ein av partane, dei tillitsvalte eller arbeidsgjevar sjølv, krev det.

I tillegg til ovannemnde endringar, er det gjort fleire endringar i arbeidsmiljølova som gjeld for arbeidsgivarar som inngår i ein konsernstruktur.

Dersom du ynskjer å vite om regelendringane får betydning for deg og di verksemd, ta gjerne kontakt med vår arbeidsrettsavdeling, som utgjer advokat Tonje Tvilde, advokat Maria Kalstø og advokatfullmektig Frida Lødøen.  Dei svarar gjerne på dei spørsmåla du skulle ha enten du er arbeidsgjevar eller arbeidstakar.

Relaterte saker

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Råd

Naturskadeerstatning og klargjøring i lovverket

Råd

Nye reglar for innleige frå bemanningsføretak

Råd

Har du tilsette på heimekontor?

Råd

Lovendring mellombels tilsetjing

Råd

Enkeltpersonsforetak eller aksjeselskap?