Kan ein stole på digitale matrikkelopplysningar og -kart?

I fleire år har norske styresmakter arbeidd med utvikling av digitale matrikkelopplysningar og -kart. Når ein i dag via kartverket sin portal www.seeiendom.no eller www.norgeskart.no søker opp og finn opplysningar om eigedom, herunder kart med grenser, tenkjer ein gjerne at opplysningane stemmer. Men er det slik?

Av advokat Asgeir Ohnstad

Det er diverre på det reine at matrikkelen kan innhalde både feil og manglar. Dette heng saman med at kjeldene for føringa som kommunane gjorde frå 1980-talet og frametter har ulik kvalitet, og ein har gjerne ikkje hatt tilgang alle relevante kjelder. Feila kan gjelde manglande registrering av eigedomar, manglande/feil opplysningar om eigar- eller festeforhold – og ikkje minst feil grenser. Dette er eit problem over heile landet, men gjer seg kanskje særleg gjeldande for utmarks- og fjellområde på vestlandet.

Kva betydning har slike feil og manglar?

Avgjerande for dei reelle eigedomsforholda er i utgangspunktet rettsfastsetjande avtalar, vedtak og domstolsavgjerder. Slike rettsdokument dannar grunnlag for plassering av grensemerkje i terreng og teikning av kart. Merk at eldre grensefastsetjingar (frå før ca 1980) ikkje er koordinatsfesta, noko som i seg sjølv kan tilseie feil eller unøyaktigheit i kart. Om ein har dokumentasjon som seier noko anna om rettsforholda enn det som er registrert, bør dette danne grunnlag for retting.

Konsekvensar av at feil ikkje blir retta

Svært mange, både private og offentlege aktørar, baserer seg i dag på informasjon som framgår av digitale matrikkeldata. Dersom ein over tid byggjer på dei registrerte opplysningane og innrettar seg etter desse, kan det etter omstenda føre til at det blir etablert rettar utifrå faktisk bruk og råderett – til dømes etter reglane i hevdslova. Dette kan altså skje sjølv om det ein har innretta seg etter strir mot det som før er fastsett. Det er difor viktig å rette eventuelle feil så raskt som mogleg.

Kven har ansvar for å rette feil? Korleis går ein fram for å rette?

Grunneigar har hovudansvaret for å rette opp i slike feil, og bør difor undersøke registrerte opplysningar i høve til eigne opplysningar. Ved manglande kunnskap eller dokumentasjon, kan det vere ein utfordrande jobb å finne ut av dette. Om ein ikkje har historiske rettsdokument sjølv, kan då kontakte Arkivverket for å få tilgang til slike. Dersom ein ser grunnlag for å rette opplysningar i matrikkelen eller har spørsmål i høve til dette, kontaktar ein kommunen. Kommunen har sjølv kompetanse til å føreta retting dersom dei får framlagt eit dokumentert og uomtvista grunnlag for det. Dersom det herskar tvist eller tvil om grunnlaget for retting, vil jordskifteretten vere rett instans.

Har du behov for hjelp i slike eller andre saker som gjeld fast eigedom, ta gjerne kontakt med ein av våre advokatar.

Relaterte saker

Råd

Nye reglar i arbeidsmiljølova

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Råd

Naturskadeerstatning og klargjøring i lovverket

Råd

Nye reglar for innleige frå bemanningsføretak

Råd

Har du tilsette på heimekontor?

Råd

Lovendring mellombels tilsetjing