Forskrifta gjeld arbeid som «utføres i arbeidstakers eget hjem» og har stor rekkjevidde. Det inneber at veldig mykje at det som me vanlegvis reknar som arbeid frå heimekontor, no er omfatta av forskrifta. Likevel har departementet uttala at forskifta sitt verkeområdet må avgrensast mot «korte perioder med hjemmearbeid» og «hjemmearbeid som skjer av og til, men ikke i for stort omfang eller som en fast ordning». Her må arbeidsgjevar føreta ei konkret vurdering av om deira tilsette er omfatta av den nye forskrifta.
Dersom ein har tilsette som går inn under verkeområdet til forskrifta, så stiller forskrifta fleire krav til oppfylgjinga av desse. Mellom anna skal ein inngå skriftleg avtale om heimekontor, som kjem i tillegg til den ordinære arbeidskontrakta. I heimekontoravtalen skal ein sei noko om omfanget av arbeidet, arbeidstida, varigheita av avtalen, samt eigarskap til og vedlikehaldsansvar for utstyr den tilsette nyttar på heimekontoret. I tillegg vil arbeidsmiljølova sine reglar om krav til arbeidsmiljøet pålegge arbeidsgjevar ei plikt til å leggje til rette for at den tilsette har naudsynt utstyr til å utføre sine arbeidsoppgåver, samt eit ansvar for å sørge for eit forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø.
Ynskjer du å vite kva endringa i forskrifta betyr for di verksemd? Og ynskjer du å vite korleis du som arbeidsgjevar skal oppfylle dine plikter? Ta gjerne kontakt med våre advokatar for råd og rettleiing.