Hausten er her – tida for jakt og friluftsliv

Vi er komen til september og trea er så vidt byrja å få haustfargar. Tida for turar i fjellet, jakt og friluftsliv er her – med eller utan hund. Her er reglane som gjeld deg.

Foto: Nina Straume

Tekst: Frida Lødøen

For det fyrste kan det vere greitt å kjenna til friluftslova sine reglar, og særleg skilje mellom innmark og utmark. Dette er ikkje eit openbert og klart skilje i alle tilfelle, men forenkla kan ein seie at når du er på tur i skogen og på fjellet, langt frå hytter, hus og jorder, då er ein i utmark. Det er her den velkjente allemannsretten gjeld. På gardstun og hustomter til dømes er ein derimot i innmark.

Poenget med å vite når ein beveger seg i innmark eller utmark er at det er ulike ferdselsreglar for desse to kategoriane. I utmark kan ein nemleg ferdast til fots heile året, også på veg eller sti. Ferdsel i innmark er derimot meir avgrensa, noko som har ei side mot privatlivets fred og eigedomsretten. Til dømes kan ein ikkje sette opp telt utan grunneigar sitt samtykke dersom ein oppheld seg i innmark, medan ein står friare om ein ynskjer å telte i utmark. Likevel er det også her avgrensingar. Mellom anna må teltet ikkje stå nærmare enn 150 meter frå hus eller hytter, og ein må elles ta omsyn til miljøet rundt seg. Ein kan heller ikkje telte på same stad i meir enn to døgn utan samtykke frå grunneigar, med mindre ein er på høgfjellet eller «fjernt frå bebyggelse» jf. friluftslova § 9.

Slik som ein sikkert alt har lært, skal ein forlate teltplassen slik ein ynskjer å finne den. Dette er faktisk også ein rettsregel i Noregs lover, og vi finn den i friluftslova § 11. Denne gjer gjeldande at ein kvar som ferdast på annan manns grunn eller på sjøen utanfor, skal opptre «hensynsfullt og varsomt for ikke å volde skade eller ulempe». Vidare vert det presisert at ein pliktar å sjå etter at ein ikkje etterlet seg staden i ein tilstand som kan verke skjemmande eller føre til skade eller ulempe for nokon. Konsekvensane av å ikkje opptre i samsvar med denne regelen, er at grunneigar då har rett til å vise deg bort. I praksis inneber denne regelen at ein må ty til ein god dose sunn fornuft. Ta med deg boset ditt, ikkje fyr opp bål på ueigna stader og ikkje spel så høgt frå boomblasteren at musikken ber over heile vidda.

Hausten er også tida for jakt, men akkurat når jakta startar varierer med kva vilt/dyreart det er tale om, samt at det er variasjonar etter kvar ein er i landet. Vidare kan i utgangspunktet alle vere med på turen jakta inneber, men for å bere våpen må ein ha løyve i form av eit våpenkort jf. våpenlova § 20. Våpenkort kan ein få ved å vere innført i Jegerregisteret, som igjen krev at ein har bestått jegerprøven jf. viltlova § 39. Ynskjer du å gå på jakt og bere våpen er difor fyrste bod at du melder deg på Jegerprøvekurs. Du kan ikkje låne eit våpen og dra på prøvejakt utan Jegerprøven. Unntaket er opplæringsjakt jf. forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 6 som gjeld personar i alderen 14 til fylte 18 år. Utover desse reglane legg eg til grunn at jegerar har lært det dei bør kunne gjennom Jegerprøvekurset, og eg vil derfor ikkje gå nærmare inn på reglane som gjeld for sjølve jaktutøvinga – slik eg heller ikkje trur det er interessant å skrive utfyllande om vegtrafikklova. Har du førarkort har du vel også lært deg korleis du utøver bilkøyring.

Har du også ein firbeint ven med på tur, er det viktig å sette seg inn i reglane om bandtvang. I utgangspunktet gjeld bandtvangen frå 1. april til og med 20. august jf. hundelova § 6. Dermed kan ein i desse dagar la hunden springe fritt, men sjølvsagt fordrar dette at ein har kontroll på hunden jf. aktsamheitskravet i hundelova § 3. For bandtvang finst det også masse lokale variasjonar då kommunar er gitt høve til i forskrift å regulere bandtvangen. Du bør dermed sjekke ut kva reglar som gjeld i den kommunen du skal ferdast i. På jakt framgår det av viltlova § 23 at «Bruk av løs, på drevet halsende hund er forbudt». Trass i at det ikkje høyrest slik ut, er hovudregelen at bruk av hund er tillate under jakt. Det som er forbode er å nytte hund som ein ikkje har kontroll på. Dersom hunden jagar og gjer hals/gøyr medan den spring i hælane på viltet, då skal du ha hunden i band – og då har den også lov å vere med.

Likeins med bandtvang finst det ganske mange variasjonar i regelverket når det kjem til fiske, og regelverket kan vere vanskeleg å navigere i. Som ein hovudregel kan ein likevel ta utgangspunkt i at fiske i saltvatn er fritt fram så lenge ein fiskar frå land. Fiske i ferskvatn er derimot ein rett som tilhøyrer grunneigar, og ein må derfor ofte kjøpe seg fiskekort. Mange stader får ein kjøpt dette via inatur.no, eller så har turlaget i området gjerne ei Facebook-/nettside kor ein kan finne informasjon. Nokre stader finn du også fiskekort til sals i den lokale sportsforretninga.

Når ein er på tur kjem ein også gjerne borti at ein må betale bompengar dersom ein nyttar seg av privat veg. Dette er ikkje noko grunneigar kan krevje utan vidare, men kan fyrst skje etter samtykke frå kommunen jf. veglova § 56. Kommunen fastset også storleiken på avgifta. Vidare må ein vere klar over at det ikkje kan krevjast bompengar dersom ein ferdast på vegar som er omfatta av allemannsretten, slik som stiar og grusvegar kor ein går til fots. Det klassiske er at ein på veg mot start av ein fjelltur kjem til privat veg kor ein vert kravd bompengar. Føremålet bak er at veglaget (vedkomande som eig vegen) skal få inn tilstrekkeleg med midlar slik at dei klarar å halde vegen «i forsvarleg og brukande stand» jf. veglova § 54. Vipps derfor for all del bompengane veglaget ber om, men ver samstundes merksam på om summen framstår uforholdsmessig høg eller ein vert kravd bompengar til fots.

Elles ynskjer eg deg god tur!

Relaterte saker

Råd

Nye reglar i arbeidsmiljølova

Råd, Siste nytt

Valdserstatning

Råd

Naturskadeerstatning og klargjøring i lovverket

Råd

Nye reglar for innleige frå bemanningsføretak

Råd

Har du tilsette på heimekontor?

Råd

Lovendring mellombels tilsetjing