(Foto: Næringsforeningen Haugalandet)
12. november bidrog Vik-Vestly med fagleg innhald på ByggArena, Næringsforeningen Haugalandet si storsamling for bygg-, anlegg- og eigedomsbransjen. Der gav han ei innføring i makt og maktbasert kommunikasjon. Fokuset var særleg på korleis dette blir brukt og korleis ein best kan handtere situasjonar der dette blir brukt mot ein, som til dømes i forhandlingar.
I boka Kommunikasjon og forhandlingsforståelse går Vik-Vestly djupare inn i kva som er god kommunikasjon i forhandlingar, og korleis du kan lære deg å kommunisere effektivt med stor grad av tryggleik. God kommunikasjon er avgjerande for å forhandle trygt, effektivt og med verdiskapande resultat.
Vik-Vestly er sertifisert NLP Master Practitioner Coach og Business Integrative Coach, og yt bistand til bedrifter og privatkundar innan forhandlingsteknikk, forhandlingsstrategiar, teamutvikling og teamleiing.
Denne kompetansen har stor verdi for oss i Responsa og for alle han bistår i sitt arbeid.