Av advokat Sigrid Anderssen Cabot
Kan kommunen utforma sine konkurransegrunnlag i anbodskonkurransane om desse prosjekta på ein måte som gjer det lettare for lokale aktørar å nå opp i konkurransen? Etter mi vurdering er svaret ja.
Det er eit pågåande offentleg ordskifte kring dette spørsmålet den seinaste tida, der både Næringsforeningen Haugalandet og politikarar i Haugesund kommune har engasjert seg. Debatten har hatt sitt bakteppe i ein anbudskonkurranse om bygging av ny Haraldsvang skole i Haugesund kommune.
Regelverket om offentlege innkjøp (offentlige anskaffelser) stiller omfattande krav til korleis kommunane skal gjennomføra ein konkurranse for å tildela byggjekontraktar. Regelverket er strengt, men gir samstundes kommunane stort spelerom – såkalla innkjøpsfagleg skjønn.
Ordskifte omkring Haraldsvang skole gjeld kommunens utforming av krav til tekniske og faglige kvalifikasjonar hos entreprenørane. Kommunen har stilt krav om at ein skal «ha god erfaring som totalentreprenør fra relevante oppdrag». Dette kravet er ytterlegare presisert på følgjande måte:
«For at kravet skal anses oppfylt må leverandøren i løpet av de fem siste årene før frist om prekvalifisering som minimum har utført og overlevert:
– To undervisningsbygg i totalentreprise der
- Ett av prosjektene må ha hatt kontraktsverdi på minimum 100 MNOK ekskl. mva.
og
– Ett entrepriseoppdrag om bygg som minimum tilfredsstiller miljøstandarden BREEAM-NOR, VERY GOOD. Kontraktsverdi minimum 50 MNOK ekskl. mva.
og tilknyttet arkitektselskap må ha utført
– Ett arkitektoppdrag som omfatter skolebygg i tilknytning til enten flerbrukshall eller tilsvarende idrettsbygg med utomhusanlegg.»
Byggherren er gitt stort spelerom når det gjeld utforminga av kvalifikasjonskrava, så lenge dei står i forhold til det som skal skaffast og er i samsvar med dei grunnleggjande prinsippa i anskaffelsesretten. Dette er prinsipp om «konkurranse, likebehandling, forutberegnelighet, etterprøvbarhet og forholdsmessighet».
Krava til kommunen gjengitt ovanfor, har tilknyting til det aktuelle prosjektet og vil derfor i utgongspunktet måtta seiast å vera i samsvar med regelverket.
Formålet med konkurranseprinsippet er å sikra ein effektiv og reell konkurranse som gir kommunen det beste produktet til den lågaste prisen. Stiller ein så spesifikke og strenge kvalifikasjonskrav at berre eit fåtal aktørar vert kvalifiserte, vil det kunna medføra at det vert mindre reell konkurranse.
Næringa fortel til Haugesunds Avis at det er bygd svært få bygg i regionen dei fem siste åra av den typen som er omtalt i kommunens krav. I følgje heimesida til Grønn byggallianse, som står bak BREAM-NOR-sertifiseringsordninga, er det berre eitt bygg i Haugaland/Sunnhordland som er sertifisert som VERY GOOD eller betre; Nordsjø kontorpark (som mellom anna husar Advokatfirmaet Responsa sitt Haugesundskontor). Det er såleis vanskeleg for lokale entreprenørar å verta kvalifiserte.
Eg har ikkje grunnlag for å ta stilling til om krava i Haraldsvang-saka er så strenge at dei kan utgjera eit brot på konkurranseprinsippet.
I Haraldsvang-prosjektet har kommunen vald å gjennomføra ein konkurranse med forhandling, der dei vil forhandla med tre kvalifiserte tilbydarar. Kommunen har sett opp kriterier for utveljinga av kva tre tilbydarar ein skal forhandla vidare med:
1) Relevans i totalentreprenørens entrepriseprosjekter, og
2) Kompetanse og erfaring hos tilbodne nøkkelpersonar.
Ved vurderinga av det første kriteriet, har kommunen sagt dei vil leggja vekt på følgjande:
– Nærhet i tid, likhet i omfang og innhold i oppdraget
– Totalentrepriser med løsningsforslag
– Totalentrepriser med samspills/optimaliseringsfase
– Entrepriser som gjelder skolebygg/undervisningsbygg
– Entrepriser som gjelder idrettshaller etter moderne krav
– Entrepriser med prosjektering av løsning for flere bygg med tilhørende utomhusanlegg og infrastruktur
– Entrepriser med BREEAM-NOR-standard
– Entrepriser med LCC-krav til byggene
Desse kriteria synest å vera i samsvar med krav om at kriteria skal vera objektive og ikkje-diskriminerande, men det er grunn til å tru at dei favoriserer store landsdekkande firma.
Næringsforeininga tek til orde for at kommunen bør utforma kvalifikasjonskrav og utveljingskriterier som gjer det mogleg for lokale aktørar å vinna fram i konkurransen.
Frp i Haugesund gir uttrykk for at ein må sjå på korleis ein ved framtidige oppdrag kan endra vilkåra slik at lokale aktørar kan vera med å konkurrera.
Utbyggingssjef Eivind Fagerland Lindås i Haugesund kommune synest å gi uttrykk for at dei strenge kvalifikasjonskrava vart stilt for å oppfylla krava i regelverket om offentlege innkjøp.
Ordførar i Haugesund følgjer opp med å ta til orde for at ein må sjå på om det er trong for å endra regelverket for å få gi lokale aktørar betre sjansar.
Kan kommunen innanfor dagens regelverk leggja til rette for at lokale entreprenørar skal vinna fram?
Etter mi vurdering er svaret ja.
Kommunen kan ikkje stilla krav som eksplisitt favoriserer lokale næringsaktørar. Det vil vera i strid prinsippet om likebehandling.
Kommunen kunne likevel etter mi vurdering ha nytta meir fleksible kvalifikasjonskrav som legg betre til rette for lokal deltaking i konkurransen utan å koma på kant med regelverket.
Kommunen kunne til dømes ha opna for at ein entreprenør kan visa til referansearbeid som er eldre enn 5 år. Dette kan gjerast dersom det er naudsynt for å sikra tilstrekkeleg konkurranse. Leiar i GL Gruppen, Terje Lindstrøm, fortel til Haugesunds Avis at dei hadde eit referanseprosjekt som var 5,5 år gamalt og såleis var medverkande til at dei ikkje vart kvalifiserte.
Kommunen kunne også ha gitt ei meir open skildring av kva prosjekt som kan nyttast som referanseprosjekt. I staden for å krevja at referanseprosjekta gjeld undervisningsbygg, kunne ein stilt meir funksjonelle krav, som at ein skal ha erfaring frå bygg med same kompleksitet, til dømes større offentlege bygg.
Kommunen kunne også ha laga utveljingskriterier som fører til ein variert konkurransesituasjon i tilbodsevalueringa. Til dømes kan ein sikra ein konkurransedynamikk ved å stilla krav om at både små, mellomstore og store leverandørar skal takast med, eller at både nyetablerte og veletablerte leverandørar skal vera blant dei utvalde. Ved å legga opp til slike kriterier, vil ein kunna leggja til rette for at lokale aktørar kan verta vald.
I følgje statens rettleiar til regelverket vil eit meir variert tilbydarfelt bety større valfridom for kommunen, medføra større krav til nytenking og innovasjon hos leverandørane, og i sum føra til betre ressursutnytting og ei betre anskaffing.
Det er sjølvsagt ein ekstra kvalitetsmessig tryggleik for kommunen å stilla svært spesifikke krav til erfaring. Samstundes risikerer ein på denne måten å snevra inn gruppa av moglege leverandørar i så stor grad at ein ikkje får effektiv konkurranse. I ytste konsekvens kan ein koma til å bryta konkurranseprinsippet.
Alt i alt er det såleis grunnlag for å konkludera med at kommunen kunne ha utforma kvalifikasjonskrava og utveljingskriteria i Haraldsvang-saka på ein måte som i større grad gjorde det mogleg for lokale entreprenørar å delta.
Eg kan difor ikkje seia meg samd med ordføraren når han gir uttrykk for at ein må gå gjennom ei regelverksendring for å få leggja til rette for større lokal deltaking i kommunale anbodskonkurransar. I alle høve måtte ein reisa lenger enn til Oslo for å få til ei regelverksendring. Regelverket om offentlege innkjøp byggjer på EØS-reglar. Skal ein få endra regelverket, må ein difor heller ta turen til Brüssel. For kommunen er det nok det ein lengre veg å gå enn å utnytta det spelerommet (innkjøpsfaglege skjønnet) som dagens regelverk gir kommunane.
Eg ser at Haugesund kommune har sendt utkast til konkurransegrunnlaget for prosjektet Totalentreprise Flotmyr-masseutskifting og VA- anlegg på høyring i Doffin. Dette konkurransegrunnlaget stiller også detaljerte kvalifikasjonskrav. Med denne høyringa har entreprenørane på Haugalandet eit svært godt høve til å koma med innspel til utforminga av konkurransegrunnlaget før det vert vedteke av kommunen.