Hovudendringa er som nemnd at moglegheita til innleige frå bemanningsføretak av mellombels karakter vert oppheva. Det vil difor ikkje lenger vere mogleg å bruke innleige til å avlaste hektiske periodar, til dømes i sesong, ved arbeidstoppar eller i prosjektarbeid. I praksis betyr det at ein berre kan leige inn personell frå bemanningsføretak ved reelle vikariat (eller etter avtale med tillitsvalde for verksemder som er bunden av tariffavtale med fagforeiningar som har innstillingsrett). Endringa sitt føremål er å sikre heile og faste tilsetjingar mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, utan å nytte bemanningsføretak som mellomledd.
I det nye forslaget er det foreslått unntak kor innleige likevel er tillate:
- For personar med spesialkompetanse som skal utføre rådgjevings- eller konsulenttenester i eit klart avgrensa prosjekt
- For innleige av helsepersonell for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester
Vidare vil rettane til innleigde arbeidstakarar bli styrka ved at alle innleigde vil ha rett til fast tilsetjing hjå innleigar etter tre år.
I tillegg vil grensa mellom kva som vert rekna som innleige og entreprise bli lovfesta og stramma inn noko. Ein konsekvens av denne endringa er truleg at fleire oppdragsavtalar om tenestekjøp vil bli klassifisert som innleige etter dei nye reglane, og ikkje som entreprise.
Ta kontakt med ein av våre advokatar dersom du har spørsmål til lovendringa eller du lurar på korleis di verksemd skal innrette seg etter dei nye reglane.