For det fyrste inneber dei nye reglane at arbeidsvilkåra i den skriftlege arbeidsavtalen vert meir detaljert. Den nye informasjonen som er påkravd gjeld mellom anna opphøyr av arbeidsforhold, arbeidsstad, overtidsreglar, vaktordningar m.m. Dette kjem i tillegg til dei minimumskrava som allereie fylgjer av arbeidsmiljølova.
I tillegg er det nye reglar for prøvetid – kor ein berre kan avtale prøvetid for halvparten av arbeidsforholdet si lengd ved mellombelse tilsetjingar. Det er heller ikkje høve til ny prøvetid kor arbeidstakar held fram i same eller tilsvarande stilling i verksemda.
Vidare inneber lovendringa to nye presumsjonsreglar som arbeidsgjevar bør merke seg:
- Dersom arbeidsavtalen ikkje presiserer at arbeidsforholdet er mellombels, vert det rekna som eit fast arbeidsforhold (unntak berre dersom arbeidsgjevar kan dokumentere at det motsett)
- Dersom arbeidsgjevar i arbeidsavtalen ikkje har opplyst kva stillingsprosent den tilsette er tilsett i, skal arbeidtakar sin påstand om stillingsomfang leggjast til grunn (unntak dersom arbeidsgjevar kan dokumentere noko anna).
Dei nye reglane gjeld for nye arbeidsavtalar som vert inngått etter 1. juli 2024. For eksisterande arbeidsavtalar, skal den skriftlege avtalen supplerast i tråd med dei nye reglane dersom den tilsette ber om det. Ei slik supplering kan gjerast i form av eit vedlegg til den arbeidsavtalen som allereie er inngått.
Arbeidsretten er eit dynamisk fagfelt med stadige endringar. Det kan difor vere vanskeleg for arbeidsgjevarar å halde tritt med utviklinga, samstundes som dei nye reglane skal implementerast i organisasjonen. Våre advokatar har lang erfaring med å bistå verksemder til å halde seg oppdatert på lovverket, samt utarbeide og tilpasse arbeidsavtalar. Ta gjerne kontakt med oss for bistand.