Omvendt valdsalarm – endringar i straffeprosesslova

Lovgjevar vedtok den 20. desember 2023 å legge til eit nytt kapittel i straffegjennomføringslova. Kapittel 17 d. om elektronisk kontroll av besøksforbod og kontaktforbod vil tre i kraft i løpet av 2024. Det er i desse dagar diskusjonar kring når lovendringa skal tre i kraft, men i utgangspunktet er det tale om 1. juli 2024. Ein vil i denne artikkelen gjere nærare greie for kva lovendringa vil innebere.

Av advokatfullmektig Frida Lødøen

Valdsalarm er ei elektronisk eining med GPS som valds- og/eller trusselutsette personar kan nytte til å varsle politiet. Omvendt valdsalarm er derimot noko den som utsett andre for vald og truslar vert ilagt å bere i form av ei fotlenke. Omvendt valdsalarm har òg ei GPS-einig som er programmert slik at ein ikkje kan bevege seg innanfor bestemte forbodssoner. Dersom ein beveg seg innanfor ei slik forbodssone, vil politiet motta varsel og kan sette i gong tiltak.

Per dags dato er det berre domstolen som har høve til å ilegge elektronisk kontroll med omsyn til å sikre at kontaktforbod vert overhaldt, jf. straffelova § 57 femte ledd. Dette betyr at det er fyrst når nokon er dømd for å ha begått ei straffbar handling at ein kan verte pålagt å bere fotlenke.

Med den lovendringa som er vedteke vil også påtalemakta ha høve til å ilegge elektronisk kontroll av eit besøksforbod eller kontaktforbod, men at påtalemakta si avgjersle om å ilegge elektronisk kontroll som hovudregel skal bringast inn for retten. Vilkåra for å kunne nytte omvendt valdsalarm er at den forbodet rettar seg mot «med skjellig grunn mistenkes for brudd på forbudet» og at elektronisk kontroll «anses nødvendig for at forbudet skal bli overholdt». Lova vil samstundes opne for eit snevert høve til å ilegge elektronisk kontroll trass i at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg grunn til mistanke for brot på kontakt- og besøksforbod. Vilkåra som må vere oppfylt for desse tilfella er at det må «antas påkrevd for å hindre at noen begår en straffbar handling mot en annen person».

Ved ilegging av elektronisk kontroll for begge desse typetilfella må påtalemakta gjere ei forholdsmessigheitsvurdering, kor inngrepet for den som vert ilagt kontrollen må vegast opp mot behovet for vern for den valdsutsette personen.

Resultatet av lovendringa vil høgst truleg vere meir omfattande bruk av elektronisk kontroll. Føremålet med lovendringa er dermed å oppnå eit betre vern overfor personar som er utsett for vald og truslar, ved å betre etterlevinga av besøks- og kontaktforbod. Samstundes vil lovendringa medføre at fleire personar vil oppleve inngrep i sin bevegelsesfridom.

Dersom du har spørsmål til den komande lovendringa eller treng bistand innanfor strafferetten må du gjerne ta kontakt. Advokatfirmaet Responsa har fleire advokatar som er tildelt faste verv som bistandsadvokat og forsvarar.

Relaterte saker

Siste nytt

Konkurssal i Heiane Røyr

Siste nytt

Misfornøyd med svaret fra forsikringsselskapet?

Siste nytt

Kvinnedagen – framleis relevant?

Siste nytt

Bustyrar i konkurs

Siste nytt

Kva har du krav på ved forseinka fly eller tog?

Siste nytt

Hva bør du gjøre om reisen må avbrytes?