Av advokatfullmektig Frida Lødøen
Det er riktig at forholdet mellom kjønna har vore gjennom ein sosial, politisk og juridisk revolusjon. Kvinner har i dag stemmerett, arverett og odelsrett på lik line med menn. Vi har reglar som skal sørgje for at kvinna har like retter som menn i arbeidslivet, ekteskapet og elles i samfunnet. Vi har kome svært langt og er heldige som lev i eit land kor folk generelt er opptatt av like rettar for alle, og kor politikken og lovgjevar har fokus på likestilling mellom kjønna. Trass i dette har også Noreg ein veg å gå, særleg på visse samfunnsområde.
Det er nok spesielt på det økonomiske plan vi ser stor skilnad mellom kjønna. Med «det økonomiske plan» sikter eg til kvinna sin økonomiske tryggleik, hennar moglegheiter og makt samanlikna med mannen. Som regel har menn høgare lønn, eig meir eigedom og investerer meir i aksjar enn kvinner. Menn er oftare leiarar og innehar styreverv. Det er også langt færre kvinner enn menn som er gründerar og eig sin eigen bedrift. Eit godt døme på dette er at menn framleis dominerer som partnarar, dvs. deleigarar, i landet sine advokatfirma. Eit anna døme er delen kvinnelege bønder som eig landbrukseigedom. For begge tilfelle er det tal om ein kvinnedel på omkring 1/5. Denne skilnaden er ikkje grunna i at kvinner manglar leiareigenskapar eller fryktar skit på nevane. Det er snarare knytt til korleis vi ser på kvinna – kva forventingar vi har til ho og rolle vi meiner ho bør ha i samfunnet. Eg vil understreke at eg med «vi» sikter til både kvinner og menn sin oppfatning av kjønnsrollene. Derfor er det viktig at dei unge som veks opp i dag har kvinnelege rollemodellar som syner at kvinna får til akkurat det ho vil – på lik line med mannen.
Dersom vi skal klare å oppnå likestilling på «alle samfunnsområder» slik likestillingslova set føre, må samfunnet vere seg bevisst kvar likestillinga har ein veg å gå, og arbeide målretta mot å betre kjønnsbalansen på desse områda. Som advokatfullmektig og ung kvinne meiner eg derfor at kvinnedagen og 8. mars framleis har noko for seg.