Ledige stillingar
ADVOKAT
Responsa er i stadig vekst og utvikling, og søkjer difor advokat i området Stord/Haugesund. Me søkjer deg som har sterke faglege kvalifikasjonar og ambisjonar, og som vil vere med på å vidareutvikle og styrkje firmaet vårt – og deg sjølv!
Er du ein erfaren advokat og vil jobbe i eit firma som set pris på at du er dyktig, har samarbeidsglede, engasjement og humor? Då kan du verte ein del av vårt lag!
Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Stord eller vårt kontor i Haugesund (aktuelt begge stader).
Me tilbyr gode vilkår og høve til å påverke din eigen arbeidskvardag i stor grad.
I utgangspunktet søkjer me etter advokat, men juristar utan advokatløyve vert også oppmoda til å søke (for advokatfullmektigstilling).
Du kan søke via Finn.no eller sende søknad med cv direkte til post@responsa.no. Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Kjell Petter Neset tlf 91336587.
Advokat Stord/ Haugesund – Advokatfirmaet Responsa AS | FINN.no