Karriere

Responsa er ein mangfaldig arbeidsplass med medarbeidarar som har ulik bakgrunn og kompetanse. Dette viser seg att i eit kvalitativt godt arbeid for våre klientar. Me har høgt fokus på den enkelte medarbeidar si utvikling, samstundes som kompetanse- og erfaringsdeling er ein stor del av vår kultur. Hos oss er takhøgda god og tonen folkeleg.

Ledige stillingar

ADVOKAT

Responsa er i stadig vekst og utvikling, og søkjer difor advokat i området Stord/Haugesund. Me søkjer deg som har sterke faglege kvalifikasjonar og ambisjonar, og som vil vere med på å vidareutvikle og styrkje firmaet vårt – og deg sjølv!

Er du ein erfaren advokat og vil jobbe i eit firma som set pris på at du er dyktig, har samarbeidsglede, engasjement og humor? Då kan du verte ein del av vårt lag!

Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Stord eller vårt kontor i Haugesund (aktuelt begge stader).

Me tilbyr gode vilkår og høve til å påverke din eigen arbeidskvardag i stor grad.

I utgangspunktet søkjer me etter advokat, men juristar utan advokatløyve vert også oppmoda til å søke (for advokatfullmektigstilling).

Du kan søke via Finn.no eller sende søknad med cv direkte til post@responsa.no. Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Kjell Petter Neset tlf 91336587.

Advokat Stord/ Haugesund – Advokatfirmaet Responsa AS | FINN.no