Reidar Skalleberg
Advokatfullmektig
53 45 40 00

Reidar Skalleberg vart uteksaminert fra Universitetet i Bergen desember 2020, med mastergrad i rettsvitenskap. Masteroppgåva hans hadde tittelen «Adgangen til å stille krav til virksomhetsoverdragelse ved offentlige anskaffelser». Som del av mastergraden fullførte han eit studieopphald ved LUISS i Roma, Italia.

Før Reidar tiltredde som advokatfullmektig hos oss jobba han som advokatfullmektig i advokatfirmaet CLP i Oslo. Han har også bakgrunn som trainee i fleire forretningsjuridiske verksemder.

Reidar bistår innanfor dei fleste rettsområde, men arbeider særleg med tingsrettslege emne og konkurs- og insolvensrett.