Asgeir Ohnstad
Advokat
91 68 28 51

Asgeir Ohnstad er utdanna frå Universitetet i Bergen. Etter endt utdanning i 2004 arbeidde han ved Rogaland skattefutkontor, og seinare ved Hordaland skattefutkontor frå 2005 til 2008. Etter reorganisering av skatteetaten haldt han fram i Skatt vest, der han hadde ulike stillingar fram til 2017. Frå 2017 til 2020 arbeidde han som politifullmektig/politiadvokat ved Vest politidistrikt. Han vart tilsett ved Advokatfirmaet Responsa AS sitt kontor på Voss i januar 2020.  Asgeir gir bistand innan dei fleste rettsområda. Han arbeider særleg med tingsrettslege emne, herunder jordskiftesaker, samt insolvens  og arve-/familierett. Asgeir tek oppdrag som forsvarar og bistandsadvokat i straffesaker.