Arild Birkeland
Advokat
992 72 656

Arild Birkeland var ferdig utdanna som jurist i 1996. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1996/97. Frå juni 1997 til 1999 jobba han som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet. Etter 2 år i Udi jobba han i Fiskeridepartementet frå 1999 til desember 2001 og jobba særleg med deltakaradgang i lukka fiskeri (kvitfisk og pelagisk), foskriftsarbeid og internasjonale forhandlingar. I desember 2001 byrja han som advokatfullmektig hos advokat Kjell Petter Neset og fekk bevilling i oktober 2004. Advokatselskapet Advokatane Sydnes og Neset AS vart stifta i 2005 og Birkeland har vært partnar/ advokat i selskapet sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.

Arild Birkeland har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Han jobbar i dag mykje med forvaltingsrett, utlendingsrett, barnevern og barneforselingsaker. I tillegg jobbar han med arbeidsrett, arverett, skjønnssaker og anna tingsrett. Birkeland er fast bistandsadvokat for Sunnhordland tingrett og jobbar mykje som bistandsadvokat. Birkeland jobbar også som forsvarar i straffesaker.