Vi vil ivareta dine interesser og gi deg god veiledning og støtte i den prosessen du står i, enten du har status som mistenkt eller er tiltalt for et straffbart forhold, eller viss du har vore utsett for eit straffbart forhold.
Fleire av våre advokatar har lang erfaring med prosedyre i straffesaker. To advokatar har fast verv som bistandsadvokat og ein advokat har fast verv som forsvarar.
I visse saker kan du ha rett på forsvarar eller bistandsadvokat betalt av det offentlege. Ta kontakt, så kan vi undersøke dette for deg.
Advokater som jobbar med saksfeltet:
Les meir
Asgeir Ohnstad er utdanna frå Universitetet i Bergen. Etter endt utdanning i 2004 arbeidde han ved Rogaland skattefutkontor, og seinare ved Hordaland skattefutkontor frå 2005 til 2008. Etter reorganisering av skatteetaten haldt han fram i Skatt vest, der han hadde ulike stillingar fram til 2017. Frå 2017 til 2020 arbeidde han som politifullmektig/politiadvokat ved Vest politidistrikt. Han vart tilsett ved Advokatfirmaet Responsa AS sitt kontor på Voss i januar 2020. Asgeir gir bistand innan dei fleste rettsområda. Han arbeider særleg med tingsrettslege emne, herunder jordskiftesaker, samt insolvens og arve-/familierett. Asgeir tek oppdrag som forsvarar og bistandsadvokat i straffesaker.
Les meir
Tonje Tvilde er utdanna frå Universitetet i Bergen i 2011. Ho vart tilsett som advokatfullmektig og seinare advokat i advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig der ho arbeidde i fem år før ho flytta «heim» til Voss. Der starta ho i juristjobb i Vegtilsynet. Tonje hadde i eit par månader eigen advokatpraksis før ho vart tilsett i Advokatfirmaet Responsa AS i 2018.
Tonje arbeider ved vårt kontor på Voss og gir bistand innanfor dei fleste rettsområder. Ho arbeider særskilt med arbeidsrett og insolvens, og er ein del av teamet som handterer varslingssaker på vegne av verksemder. Tonje har verv som fast butyrar i Hordaland tingrett.
Les meir
Arild Birkeland var ferdig utdanna som jurist i 1996. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1996/97. Frå juni 1997 til 1999 jobba han som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet. Etter 2 år i Udi jobba han i Fiskeridepartementet frå 1999 til desember 2001 og jobba særleg med deltakaradgang i lukka fiskeri (kvitfisk og pelagisk), foskriftsarbeid og internasjonale forhandlingar. I desember 2001 byrja han som advokatfullmektig hos advokat Kjell Petter Neset og fekk bevilling i oktober 2004. Advokatselskapet Advokatane Sydnes og Neset AS vart stifta i 2005 og Birkeland har vært partnar/ advokat i selskapet sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.
Arild Birkeland har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Han jobbar i dag mykje med forvaltingsrett, utlendingsrett, barnevern og barneforselingsaker. I tillegg jobbar han med arbeidsrett, arverett, skjønnssaker og anna tingsrett. Birkeland er fast bistandsadvokat for Sunnhordland tingrett og jobbar mykje som bistandsadvokat. Birkeland jobbar også som forsvarar i straffesaker.
Les meir
Kjell Petter Neset vart utdanna som jurist i 1998. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1998/99 og byrja deretter som advokatfullmektig hos advokat Leif Jakob Sydnes i 1999. I 2001 starta han eiga advokatverksemd. Etter å ha drive for seg sjølve nokre år vart han ein av stiftarane av Advokatane Sydnes og Neset i 2005. I Advokatane Sydnes og Neset AS har han vore partnar/ advokat sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.
Neset har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Jobbar i dag som prosedyreadvokat og rådgivar innanfor forretningsjuridiske områder. Spesialfag i selskapsrett og kompentanse innanfor arbeid med fusjonar/ fisjonar, stifting/ organisering av selskap og liknande. Innehar fleire styreverv. Særskilt god erfaring med insolvensrett (konkurs/ gjeldsforhandling) og eigedomsutvikling. Også ein del prosedyre innanfor strafferett.