Innanfor tingsretten kan det oppstå ei rekkje juridiske problemstillingar. Dette kan vere odelsspørsmål, jordskiftesaker, nabotvistar eller tvistar om ulike rettar knytt til eigedom. Sjølv om tingsretten til dels er lovregulert, har ein ofte behov for juridisk rettleiing for å navigere i dette saksfeltet.
Det skjer stadig endringar, både i lovverk og i rettspraksis, og våre advokatar held seg oppdatert på utviklinga. Advokatane som arbeider med dette fagfeltet har lang og brei erfaring og kan gje deg råd og rettleiing om korleis du i størst mogleg grad kan ivareta dine interesser.
Advokater som jobbar med saksfeltet:
Les meir
Arild Birkeland var ferdig utdanna som jurist i 1996. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1996/97. Frå juni 1997 til 1999 jobba han som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet. Etter 2 år i Udi jobba han i Fiskeridepartementet frå 1999 til desember 2001 og jobba særleg med deltakaradgang i lukka fiskeri (kvitfisk og pelagisk), foskriftsarbeid og internasjonale forhandlingar. I desember 2001 byrja han som advokatfullmektig hos advokat Kjell Petter Neset og fekk bevilling i oktober 2004. Advokatselskapet Advokatane Sydnes og Neset AS vart stifta i 2005 og Birkeland har vært partnar/ advokat i selskapet sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.
Arild Birkeland har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Han jobbar i dag mykje med forvaltingsrett, utlendingsrett, barnevern og barneforselingsaker. I tillegg jobbar han med arbeidsrett, arverett, skjønnssaker og anna tingsrett. Birkeland er fast bistandsadvokat for Sunnhordland tingrett og jobbar mykje som bistandsadvokat. Birkeland jobbar også som forsvarar i straffesaker.