Reglane om offentleg anskaffelser er kompliserte. Med god juridisk rådgjeving kan vi være en trygg og erfaren samarbeidspartner for deg under hele anskaffelsesprosessen. Vi kan bistå både offentlege innkjøparar og private verksemder som gir inn tilbod.
For offentlege innkjøparar kan vi rådgi til dømes ved val av prosess, utforming av konkurransegrunnlag og gjennomføring av prosessen.
Tilbydarar kan ha nytte av juridiske råd knytt til tolkning og utforming av tilbod for å sikra at alle krava i konkurransegrunnlaget er oppfylt og klage i tilfelle der ein er urettmessig forbigått. Det kan vera små marginar som skil om ein vinn eller tapar ein konkurranse og en erfaren samarbeidspartner i slike prosessar kan difor vera avgjerande.
Advokater som jobbar med saksfeltet:
Les meir
Margrethe Framnes Neset vart jurist i 2011. Det same året fullførte ho ein Master of Laws (LLM) in Corporate and Commercial Law ved Bond University i Australia.
Margrethe vart tilsett ved vårt kontor på Stord i 2011. Ho gir bistand innanfor dei fleste rettsområder.
Les meir
Kjell Petter Neset vart utdanna som jurist i 1998. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1998/99 og byrja deretter som advokatfullmektig hos advokat Leif Jakob Sydnes i 1999. I 2001 starta han eiga advokatverksemd. Etter å ha drive for seg sjølve nokre år vart han ein av stiftarane av Advokatane Sydnes og Neset i 2005. I Advokatane Sydnes og Neset AS har han vore partnar/ advokat sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.
Neset har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Jobbar i dag som prosedyreadvokat og rådgivar innanfor forretningsjuridiske områder. Spesialfag i selskapsrett og kompentanse innanfor arbeid med fusjonar/ fisjonar, stifting/ organisering av selskap og liknande. Innehar fleire styreverv. Særskilt god erfaring med insolvensrett (konkurs/ gjeldsforhandling) og eigedomsutvikling. Også ein del prosedyre innanfor strafferett.