Maria Kalstø
Advokat
98 82 67 25

Maria Kalstø vart uteksaminert frå Universitetet i Oslo i juni 2016, med mastergrad i rettsvitenskap. Frå tidlegare hadde ho bachelorgrad i Interkulturell kommunikasjon frå NLA Høgskolen. Under utdanninga arbeida ho blant anna deltid med erstatningssaker for tidlegare barnevernsbarn og hadde praksisopphald i Utlendingsdirektoratet.

Maria kom til Advokatfirmaet Responsa AS frå stilling som advokat i Vierdal Advokatfirma. Ho har tidlegare vore tilsett som HR-rådgjevar i Helse Fonna og som rådgjevar i oppreisningssekretariatet i Akershus fylkeskommune.

Maria arbeider ved vårt kontor i Haugesund, har arbeidsrett som spesialfelt og er ein del av teamet som handterer varslingssaker på vegne av verksemder. Ho har i tillegg verv som fast bustyrar i Haugaland og Sunnhordland tingrett.