Elisabeth Handeland Angeltveit vart uteksaminert frå Universitetet i Oslo desember 2021 med mastergrad i rettsvitskap. Før dette hadde ho årsstudium i interkulturell kommunikasjon frå NLA Høgskolen.
I studietida jobba Elisabeth som sakshandsamar i rettshjelpsorganisasjonen Juridisk Rådgiving for Kvinner i Oslo, med husleigerett og utlendingsrett som arbeidsområde. Ho har også bakgrunn som praktikant hos Utlendingsdirektoratet.
Elisabeth bistår blant anna innanfor strafferett, entrepriserett, generell og spesiell kontraktsrett, og utlendingsrett.
Informasjon
53 45 40 00
responsa@responsa.no