Akvakultur er ei næring som det er stilt strenge offentlegrettslege krav til og som kan møta krevjande privatrettslege utfordringar. Det å søkja juridisk rådgjeving kan syna seg lønsamt.
Vi kan m.a. hjelpa med:
- Offentlegrettslege krav/pålegg etter akvakulturlov, matlov, forureiningslov, plan- og bygningslov mv.
- Eigedomstvistar – tingsrettslege spørsmål
- kontrakt
Advokater som jobbar med saksfeltet:
Les meir
Sturla Vestly vart jurist i 1999 og har sidan hatt stilling som omsorgssjef i Suldal kommune og politiadvokat ved Hordaland politidistrikt.
Sturla Vestly etablerte Advokatfirma Vik Vestly AS i 2002 og har siden den gong vore advokat /partner. Vestly er ein av fire partnere i Advokatfirmaet Responsa AS. Vestly har også utdanning og bakgrunn som polititenestemann (utdanna i 1991 og tenestegjorde i perioden 1991 – 1996).
Hovedarbeidsområder er entrepriserett, fast eiendoms rettsforhold, samt alminneleg og spesiell kontraktsrett.
Sturla Vestly er også sertifisert NLP Master Practitioner Coach og Business Integrative Coach, og yt bistand til bedriftar og privatkundar innan forhandlingsteknikk, forhandlingsstrategiar, teamutvikling og teamleiing, gjennom selskapet Vingeslag AS. For mer info: sjå www.vingeslag.no.
Les meir
Arild Birkeland var ferdig utdanna som jurist i 1996. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1996/97. Frå juni 1997 til 1999 jobba han som sakshandsamar i Utlendingsdirektoratet. Etter 2 år i Udi jobba han i Fiskeridepartementet frå 1999 til desember 2001 og jobba særleg med deltakaradgang i lukka fiskeri (kvitfisk og pelagisk), foskriftsarbeid og internasjonale forhandlingar. I desember 2001 byrja han som advokatfullmektig hos advokat Kjell Petter Neset og fekk bevilling i oktober 2004. Advokatselskapet Advokatane Sydnes og Neset AS vart stifta i 2005 og Birkeland har vært partnar/ advokat i selskapet sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.
Arild Birkeland har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Han jobbar i dag mykje med forvaltingsrett, utlendingsrett, barnevern og barneforselingsaker. I tillegg jobbar han med arbeidsrett, arverett, skjønnssaker og anna tingsrett. Birkeland er fast bistandsadvokat for Sunnhordland tingrett og jobbar mykje som bistandsadvokat. Birkeland jobbar også som forsvarar i straffesaker.
Les meir
Kjell Petter Neset vart utdanna som jurist i 1998. Han tenestegjorde som vernepliktig jurist for Forsvaret i 1998/99 og byrja deretter som advokatfullmektig hos advokat Leif Jakob Sydnes i 1999. I 2001 starta han eiga advokatverksemd. Etter å ha drive for seg sjølve nokre år vart han ein av stiftarane av Advokatane Sydnes og Neset i 2005. I Advokatane Sydnes og Neset AS har han vore partnar/ advokat sidan oppstarten 1. januar 2005. Selskapet heiter frå og med 1. september 2013 Advokatfirmaet Responsa AS.
Neset har hatt ein svært variert praksis gjennom åra. Jobbar i dag som prosedyreadvokat og rådgivar innanfor forretningsjuridiske områder. Spesialfag i selskapsrett og kompentanse innanfor arbeid med fusjonar/ fisjonar, stifting/ organisering av selskap og liknande. Innehar fleire styreverv. Særskilt god erfaring med insolvensrett (konkurs/ gjeldsforhandling) og eigedomsutvikling. Også ein del prosedyre innanfor strafferett.