Sigrid Anderssen Cabot
Advokat
479 45 186

Sigrid Anderssen Cabot vart jurist i 1996 og tok 1997 master i tysk, EU og internasjonal rett ved Universitetet i Heidelberg, Tyskland.

Sigrid var doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen i eitt år etter studiet, før ho vart hyrt inn som sekretær for Lovutvalet for miljøinformasjon (1998-2000) NOU 2001:2). Ho har seinare hatt oppdrag som sekretær for dei regjeringsoppnemnte utvala etter Tsunamien i Thailand i 2005 og etter Ecoli-utbrotet i 2006.

Ho var dommarfullmektig ved Sunnhordland tingrett 2002-2003.

Ho har vidare brei forvaltnings- og forhandlingserfaring både nasjonalt og internasjonalt (Statens forureiningstilsyn (2001), Miljøverndepartementet (2003), Fiskeri- og kystdepartementet (2004-2006) og EU-kommisjonen (2006-2012) der ho hadde ansvar for utvikling og forvaltning av EUs fiskehelseregelverk.

Sigrid har vore tilsett i Responsa sidan 2012. Hennar hovudarbeidsområde er forvaltningsrett, inkludert offentleg anskaffelse og konkurranserett, barnevern/barnefordeling.

Ho er nestleiar klagenemnda for miljøinformasjon (https://www.miljoklagenemnda.no/).

Sigrid snakkar engelsk, tysk og fransk.

Aktuelt

Kontakt